Syng ein ny song for Herren,
for han har gjort under!
Hans høgre hand har gjeve han siger,
hans heilage arm har hjelpt han.
Herren har gjort si frelse kjend,
har vist si rettferd for folkeslag.
Han kjem i hug si miskunn
og sin truskap mot Israels ætt.
Alle folk på jord har sett
frelsa frå vår Gud.
Lat hyllingsrop lyda for Herren, all jorda!
Bryt ut i jubel og lovsong!
Syng og spel på lyre for Herren,
spel på lyre, medan songen ljomar!
Lat hyllingsrop lyda for kongen, Herren,
til klangen av trompetar og horn!
Havet og alt som er i det, skal brusa,
jorda og dei som der bur.
Elvane skal klappa i hendene,
og fjella skal jubla i kor.
Dei skal jubla for Herren,
for han kjem og vil døma jorda.
Han skal døma verda med rettferd
og folka med rettvise.
